Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

2 Etablering

2 Etablering

… Dette hovudområdet handlar om å identifisere moglege forretningsidear og gjere noko med dei. Det inngår også å utarbeide ein forretningsplan, velje selskapsform, rekne ut kapitalbehov, lage ein finansieringsplan og stifte ei bedrift …


Vegen frå idé til ei etablert bedrift er både spennande og lærerik. Arbeidet starter med å utarbeide ein forretningsplan som gir ei systematisk innsikt i alle forhold ved ei etablering. Sjansane for at du skal få suksess er størst om du tek deg tid til å gå gjennom sentrale spørsmål og samle desse i ein forretningsplan.

Forretningsplanen er eit sentral dokument når ein tek kontakt med kommunen for å søkje om etablerarstipent, kontaktar banken for å søkje om lån og leverandørar for å sikre seg kreditt. Innhaldet i forretningsplanen er ikkje standardisert. Moment og rekkjefølgje vil kunne variere litt alt etter kva bransje ein etablerer seg innanfor.