Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

EkstraØving 2.1

Beate og Ola er ferdige med vidaregåande skole og studerer økonomi på høgskolenivå. For å betre sin eigen økonomi planlegg dei å starte eit lite firma som skal gi ut ein Cd-rom med eigenproduserte spel og halvfabrikata av rekneark til programfaget næringslivsøkonomi i den vidaregåande skolen berekna på elevar i eige fylke i første omgang. I eige fylke er det to tusen elevar i dette faget. Mange av dei saknar eit slikt produkt. Beate og Ola gjer nokre undersøkingar før dei etablerer bedrifta.

  1. Kva tre moment bør vere med i ein forretningsidé?
  2. Lag ein forretningsidé for denne etableringa.
  3. Gjer greie for dei undersøkingane du meiner Beate og Ola bør gjere før dei set i gang.

    Dei meiner kr 110 per stk er ein fornuftig pris for produktet. Dei reknar med å få framstilt produktet for kr 25 per CD. Andre variable kostnader per CD er kr 15.

    Beate og Ola budsjetterer med desse faste kostnadene per år:
    Husleige kr 20 000
    Markedsføringstiltak kr 20 000
    Lønn kr 50 000
    Avskrivingar kr 15 000
    Andre driftskostnader kr 20 000
  4. Korleis kan Beate og Ola gjere elevane kjende med produktet sitt?
    Beate og Ola forventar å selje 2 000 Cd-ar det første driftsåret.
  5. Rekn ut budsjettert driftsresultat, dekningsgrad og sikringsmargin.
  6. Kor mange CD-ar må dei minst selje for å gå med overskot?
  7. Kva skjer med etableringa om prisen må reduserast til kr 80 på grunn av ein ny konkurrent?
  8. Kva er den lågaste prisen etablerarane kan godta utan å gå med tap?