- 2.1–2.2 KortSvar – Etablereren og forretningsidéen
- 2.3 KortSvar – Markedsvurderingen
- 2.4 KortSvar – Markedsplanen
- 2.5 KortSvar – Selskapsform
- 2.7–2.8 KortSvar – Kapitalbehov og finansiering
- 2.9 KortSvar – Økonomiplanen
- 2.10 KortSvar – Bemanningen
- EkstraØving 2.1
- EkstraØving 2.2
- EkstraØving 2.3
- EkstraØving 2.4
- EkstraØving 2.5
- FlervalgsOppgave 1 om forretningsplanen
- FlervalgsOppgave 2 om konkurransemidler
- FlervalgsOppgave 3 om selskapsformer
- FlervalgsOppgave 4 om kapitalbehov og finansiering
- FlervalgsOppgave 5 om økonomiplanen
- FlervalgsOppgave 6 om registrering av foretaket
- NettOppgave 1
- NettOppgave 2
- NettOppgave 3
- NettOppgave 4
- NettOppgave 5
EkstraØving 2.2
Ellen og Tove, som begge er 18 år, er med i styret i ein lokal fotballklubb. Begge tek faget informatikk og har som sitt prosjektarbeid utvikla eit standardprogram for lagsadministrasjon. Det inneheld oppsett for medlemsregistrering, møteinnkallingar, malar for protokollføring av styrevedtak og ein materialrekneskap som held orden på effektar og utstyr. Vidare er det laga eit rekneark for registrering av vedlegg i rekneskapen og eit rekneark som kan brukast til budsjettkontroll. Dei vil no tilby dette produktet på ein diskett til fotballklubbar i eige fylke for eiga rekning og risiko.
- Ta utgangspunkt i denne historia og formuler ein forretningsidé som er dekkjande.
Næringskonsulenten tilrår Ellen og Tove å lage ein forretningsplan for forretningsideen sin. Etter at dei har formulert eit forslag til forretningsidé, ønskjer dei å gjennomføre ei marknadsundersøking. - Kva er formålet med ei marknadsundersøking?
Før dei startar marknadsundersøkinga, seier næringskonsulenten at dei bør velje kva metode dei vil satse på for å skaffe seg den informasjon som dei treng. - Nemn to metodar dei kan velje mellom, og fordelar og ulemper ved desse metodane.
Ellen og Tove ønskjer å starte bedrifta saman. Dei har fått tilsegn om eit etableringsstipend på kr 50 000 frå kommunen. Kvar for seg satsar dei kr 60 000 av oppsparte midlar. Risikoen i etableringa er låg, og dei har ikkje noko stort kapitalbehov i startfasen. Næringskonsulenten har tilrådd dei å starte forsiktig i eige fylke for å sjå responsen før ein utvidar verksemda til andre fylke og på landsbasis. Dei har fått løfte om å leige lokale i eit kommunalt næringsbygg til ei rimeleg leige. - Gjer kort greie for dei føretaksformene som er aktuelle for denne etableringa og vel den føretaksforma som du meiner er mest eigna.
Saman med næringskonsulenten har Ellen og Tove laga ei oversikt over kapitalbehovet der følgjande postar er med:PC med nødvendig datautstyr kr 150 000 Inventar kr 50 000 Kontorutstyr kr 50 000 Bankinnskot kr 100 000 - Lag ein finansieringsplan for etableringa som viser eit eventuelt lånebehov.
Etter å ha undersøkt marknaden, set Ellen og Tove opp desse postane som skal danne grunnlag for eit driftsbudsjett og ein økonomisk analyse for første driftsår:Sal i tal på einingar 3 000 Pris per diskett kr 150 Variable kostnader per diskett kr 50 Husleige kr 25 000 Marknadsføringstiltak kr 60 000 Avskrivingar kr 20 000 Andre driftskostnader kr 45 000 - Set opp driftsbudsjettet og rekn ut driftsresultatet.
- Kor mange diskettar må dei selje for å få overskot.
- Rekn ut sikringsmarginen i kroner og i prosent ved eit sal på 3 000 einingar og gjer kort greie for kva sikringsmarginen fortel.
- Lag eit dekningspunktdiagram som illustrerer utrekningane under punkt g og h.
- Lag ein presentasjon av etableringa for klassen i PowerPoint.