Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

EkstraØving 2.3

Optimisten AS er ei nystarta bedrift. Forretningsideen er å utvikle ei elektronisk leksebok til elevar i den vidaregåande skolen der elevane også får jamleg oppdatering på aktuelle arrangement for si aldersgruppe. Bedrifta har vore i drift i tre år og ser at forretningsideen fengjer elevane godt. Boka er mykje brukt i den vidaregåande skolen, særleg på Sørvestlandet. Ho er no under utvikling med sikte på ei nylansering på landsbasis om eitt år.

Oppdrag 1

Di oppgåve er å setje opp eit driftsbudsjett for bedrifta for neste år. Av økonomiansvarleg får du desse dataa om forventningane for neste år basert på driftsbudsjettet for inneverande år, sjå nedanfor:

For neste år forventar økonomisjefen ein auke i selde einingar på 25 % på grunn av ein marknadsføringskampanje. Salsprisen er halden ved lag med kr 75 per eining. Dei variable kostnadene per eining forventar ein skal auke med 20 %. I dei faste kostnadene er det venta ein auke i husleiga med kr 3 000 og ein auke i straumkostnadene med kr 500. Avskrivingane er neste år forventa å bli kr 2 500. Dei andre kostnadene reknar ein med vil vere lik siste års budsjett.

Driftsbudsjett for inneverande år

Merknader
Salsinntekter kr 225 000 1
Variable kostnader kr 60 000 2
Dekningsbidrag kr 165 000 3
Faste kostnader Husleige kr 12 000
Straum kr 3 000
Telefon / porto kr 3 000
Marknadsføring kr 20 000
Forsikring kr 2 000
Rekneskapsførar kr 7 000
Avskrivingar kr 3 000
Andre faste kostnader kr 5 000
Totale faste kostnader kr 55 000
Resultat kr 110 000 4

Merknader til driftsbudsjettet for inneverande år

  1. Salsinntekta er pris per eining multiplisert med forventa sal i stk: kr (75 ⋅ 3 000) = kr 225 000
  2. Variable kostnader = variable kostnader per eining multiplisert med forventa sal: kr (20 ⋅ 3 000) = kr 60 000.
  3. Dekningsbidraget er differansen mellom salsinntekt og variable kostnader
  4. Resultat er lik dekningsbidrag minus faste kostnader: kr ( 165 000 – 55 000) = kr 110 000.

Oppdrag 2

Leiinga får nye data om salet etter ein studie som er gjord av marknadsavdelinga. Leiinga ønskjer å teste driftsresultatet for neste år ut frå tre alternativ på salsutviklinga.

  1. Optimistisk sal – 4 000 enheter
  2. Sannsynleg sal – 3 500 enheter
  3. Pessimistisk sal – 2 500 enheter

Oppdrag 3

Leiinga bestemmer seg for å teste fleire variablar for å studere kor følsamt produktet er med omsyn til ei endring i negativ retning for neste år.

  1. Prisen på produktet må reduserast med 20 prosent for å vere konkurransedyktig. Alle andre variablar blir haldne konstant som under oppdrag 1.
  2. Dei variable kostnadene aukar med 50 %. Alle andre variablar blir haldne konstant.

Oppdrag 4

Leiinga ønskjer å finne ut kor mange bøker dei må selje for å få dekt alle kostnadene. Vidare ønskjer dei å rekne ut dekningsgraden og risikomarginen om dei sel 3 750 einingar som opphavleg forventa for neste driftsår, sjå opplysningane til oppdrag 1.

Oppdrag 5

Usikkerheita i marknaden kjem av at det er komme inn fleire konkurrentar som tilbyr nesten like produkt, men til ein lågare pris. Leiinga ønskjer derfor å teste ut kor lågt dei kan setje prisen mellombels utan å gå med tap, sjå opplysningane til oppdrag 1.

Oppdrag 6

Marknadsavdelinga legg fram materiale som viser at dei fem konkurrentane i marknaden har prisa sine produkt i gjennomsnitt 10 % lågare enn Optimisten AS. Rekn ut kva resultat Optimisten AS kjem ut med dersom dei set ned prisen, kr 75, med 10 % og forventar å selje 3 500 einingar. Dei variable kostnadene per eining er på kr 24.

Oppdrag 7

Gi ei vurdering av å bruke prisen som verkemiddel mot konkurrentar i ein slik marknad.

Oppdrag 8

Leiinga ønskjer å sjå om det er mogleg å rasjonalisere drifta ved å redusere dei variable kostnadene per eining, kr 24, med 10 % og summen av dei faste kostnadene, kr 58 000 med 20 %. På den måten håper dei å ta igjen det dei taper ved å måtte redusere prisen som i oppdrag 6. Denne analysen er gjennomført ut frå den føresetnaden at bedrifta tek same pris som konkurrentane, sjå oppdrag 6, og forventar å selje 3 000 einingar.