Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

EkstraØving 2.5

Odin og Asja har utarbeidd ein forretningsplan og konkludert med at dei vil setje drifta i gang så snart som mogleg. Forretningsideen er elektronisk leksebok til elevar i den vidaregåande skolen der elevane også får jamleg oppdatering på aktuelle arrangement for si aldersgruppe. Lekseboka er no under utvikling med sikte på lansering på landsbasis.

Før bedrifta kan starte, må dei registrere ho i Føretaksregisteret. Ei slik registrering gir rett til eit organisasjonsnummer og sørgjer samtidig for at bedrifta blir registrert i andre aktuelle register via Einingsregisteret. Odin og Asja har valt å starte bedrifta som eit aksjeselskap.

For å stifte ei bedrift, er det visse formelle og innhaldsmessige krav som må oppfyllast. Desse krava kjem til uttrykk i forskjellige lovreglar, sjå hjelptilregelverk.no

  1. Gjer kort greie for dei formelle reglane om å stifte aksjeselskap, jf. aksjeloven.
  2. Gjer kort greie for dei krava som blir stilte til eit føretaksnamn etter reglane i føretaksnamneloven (1988), sjå lovdata.
  3. Lag eit forslag til føretaksnamn for bedrifta som er i samsvar med gjeldande lovgiving.
  4. Odin og Asja ønskjer i tillegg til føretaksnamn å få utarbeidd ein logo som skal profilere bedrifta både på forretningsdokument og på heimesida på Internett. Di oppgåve er å lage ein kreativ logo for denne bedrifta.