Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Kapittel 3 – Strategiplanen – korleis ta omsyn til etiske og miljømessige forhold

3. Strategiplanen – korleis ta omsyn til etiske og miljømessige forhold

Miljøpåverknad

Verksemda i ei bedrift kan ha konsekvensar utanfor bedrifta. Dersom desse konsekvensane fører til kostnader eller inntekter som ikkje går til bedrifta, kallar vi det eksternalitetar. Uønskte eksternalitetar kan til dømes vere forureiningar av miljøet. Uønskte eksternalitetar bør ein unngå når ein lagar strategiplanen.

Forretningsetikk

Forretningsetikk er verktøy som ein kan bruke for å vurdere konsekvensen av strategival. Etiske prinsipp som blir brukte for å løyse praktiske etiske utfordringar:

  • Nytteetikk – Best balanse mellom negative og positive konsekvensar av ei avgjerd.
  • Rettsprinsipp – Konsekvensane av avgjerda blir vurderte mot allment aksepterte prinsipp, til dømes FNs menneskerettsfråsegn.
  • Rettferdsprinsippet – To kriterium for at ei handling skal vere rettferdig: (1) Generelle menneskerettar er oppfylte for alle. (2) Den som er dårlegast stilt i avgjerda, må også få det betre, og alle som blir berørte av avgjerda, må ha moglegheiter til å betre posisjonen sin.

Miljøomsyn

Å ta omsyn til miljøet kan både vere ein risiko og ein konkurransefordel når strategiplanen blir fastsett – risiko fordi forbrukarar og andre kan straffe bedrifta dersom ho ikkje tek miljøomsyn, og konkurransefordel dersom ho blir lønt for å drive berekraftig/grønt.

Samfunnsansvar

Samfunnsansvaret bedrifter har, er frivillig integrasjon av sosiale og miljømessige omsyn i den daglege drifta utover det å følgje lover og reglar.

Nokre bedrifter bruker tredelt botnlinje for å rapportere korleis dei tek på seg samfunnsansvar.

Den tredelte botnlinja består av:

  • Økonomisk botnlinje – overskot/underskot
  • Sosial botnlinje – korleis bedrifta tek på seg samfunnsansvar
  • Miljøbotnlinje – korleis bedrifta tek på seg miljøansvar