Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Kapittel 2 – Strategiplan

2. Strategiplan

Forretningsplanen beskriv bedrifta frå utsida og er viktigast for finansiering og partnarar.

Strategiplanen beskriv korleis bedrifta skal nå måla sine, og er viktigast for dei som arbeider i bedrifta. Andre fordelar ved strategiplanen er systematisk overvaking av omgivnadene, auka kunnskap om kva bedrifta er god til, og sørgjer for best mogleg utnytting av ressursane i bedrifta.

Innhaldet i ein strategiplan:

  • Visjon og forretningsidé
  • Det overordna målet for bedrifta
  • Situasjonsanalyse
  • Strategialternativ og strategival
  • Plan for å gjennomføre strategien – implementering
  • Kontroll og oppfølging av strategiplanen

Visjon og forretningsidé

Visjonen er ei overordna utgreiing av kva bedrifta vil oppnå. Forretningsideen beskriv kva bedrifta tener pengar på, og har med: behov, produkt, marknad og konkurransefordel.

Mål

Mål fortel konkret kva bedrifta skal oppnå. Mål kan vere kvalitative eller kvantitative. Dei er ofte hierarkiske, det vil seie oppdelte i overordna og underordna mål.

Situasjonsanalyse

Situasjonsanalysen gir oversikt over dei eksterne og interne arbeidsvilkåra for bedrifta. Arbeidsvilkåra blir ofte analyserte i ein modell som heiter SWOT. I modellen blir eksterne arbeidsvilkår delte opp i moglegheiter (O) og truslar (T), mens dei interne arbeidsvilkåra blir delte i svakheiter (W) og sterke sider (S). Ved å kople dei ulike delane av SWOT-analysen kjem ein fram til bedriftsmoglegheiter for vekst eller utvikling.

Eksterne arbeidsvilkår blir delte inn i makroomgivnader (globalt, samfunn) og mikroomgivnader (konkurrentar, leverandørar, kundar). Dei interne ressursane i bedrifta er mellom anna økonomi, kompetanse, forsking og utvikling og verdikjeda til bedrifta.

Makrodelen av eksterne arbeidsvilkår kan analyserast ved hjelp av PESTEL (politikk, økonomi, sosiale forhold, teknologi, miljø og lover/reglar). Mikrodelen av eksterne arbeidsvilkår kan analyserast ved hjelp av konkurrentanalyse, konkurranseanalyse og marknads- og kundeanalyse.

Strategialternativ og strategival

Når situasjonsanalysen er ferdig, må bedrifta gjere strategival:

  1. Det første valet er om bedrifta skal vekse, bli verande i same storleik eller bli mindre. Det vanlegaste valet er å vekse.
  2. Det neste valet er kva metode ein skal bruke for å vekse. Bedrifter kan anten vekse ved å bruke interne ressursar eller vekse ved hjelp av eksterne ressursar. Intern vekst kan vi beskrive ved hjelp av Ansoffs vekstmatrise. Denne matrisa gir fire moglegheiter for vekst:
    • Marknadsinntrenging – selje meir av same produkt i same marknad ved hjelp av til dømes prisreduksjon eller auka marknadsføring.
    • Produktutvikling – utvikle nye produkt for den eksisterande marknaden.
    • Marknadsutvikling – selje dei produkta bedrifta har no, i nye marknader.
    • Diversifikasjon – utvikle nye produkt for å selje desse i nye marknader.

    Vekst ved bruk av eksterne ressursar går føre seg ved å kjøpe opp, slå seg saman med eller samarbeide med andre bedrifter. Det er kalla integrasjon. Integrasjon kan vere vertikal (integrere med kundar eller leverandørar) eller horisontal (integrere med bedrifter som driv med det same som ein sjølv).

    Valet mellom ekstern og intern vekst skjer ved å vurdere risiko mot forteneste.

  3. Bedrifta må deretter velje konkurransestrategi. Porter beskriv konkurransestrategiar som anten kostnadsbaserte (lågast produksjonskostnad) eller basert på produktfordelar (differensiering). Strategien kan nyttast anten i heile marknaden eller i ein del av marknaden.

    Bedrifta kan også konkurrere basert på interne ressursar (kompetanse, prosessar) som det er vanskeleg å kopiere, eller på hurtigheit (først til marknaden, kontinuerleg innovasjon).

Ved strategiske val tel den økonomiske vurderinga mest. Noverdiutrekning bruker ein for å rekne ut kor stor fortenesta er på ulike strategiske val.

Strategiske val er det leiinga i ei bedrift som tek, og vala må godkjennast i generalforsamlinga dersom vala har store konsekvensar for bedrifta (oppkjøp, samanslåing osv.).

Implementering

Implementering av ein strategiplan fører som regel til at bedrifta må gjennom ein utviklingsprosess. Kapitla 4 og 5 tek for seg bedriftsutviklingsprosessen.

Kontroll og oppfølging

Bedrifta må følgje opp og kontrollere om strategien verkar etter planen. Gjer han ikkje det, må han endrast raskt.