Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Kapittel 1 – Vekst

1. Vekst

Mål for vekst er auke i inntektene til bedrifta og auke i talet på tilsette.

Andre mål er mellom anna kontantstraum, vekst i talet på brukarar, vekst i marknadsdel, vekst i talet på produkt.

Vekstbedrifter veks fortare enn økonomien i landet veks. Vekstbedrifter er viktige fordi det er der det blir skapt flest nye arbeidsplassar.

Skalering er rask vekst utan tilsvarande auke i ressursane til bedrifta.

Kvifor er vekst viktig?

For oppstartsbedrifter er vekst ei stadfesting av at forretningsmodellen fungerer, og gjer at investorane kan få avkastning på pengane dei har investert i bedrifta.

Dersom SMB-ar tener mykje pengar, må dei vekse slik at dei unngår at store bedrifter prøver seg på den same marknaden. Store bedrifter må vekse for at kursen på aksjane i bedrifta ikkje skal gå ned slik at det blir vanskelegare å skaffe kapital til nye investeringar.

Fordelar og utfordringar ved vekst

Fordelar: Kostnader kan reduserast på grunn av skalaeffektar, marknadsmakta aukar overfor kundar, leverandørar og konkurrentar.

Utfordringar: Kostnadene kan auke, leveringsproblem eller kvalitetsproblem og auka gjeld.

Vekst – er det berekraftig?

Høg økonomisk vekst i eit land aukar som oftast velferda i landet, men ressursane på kloden er avgrensa. Vi bruker meir ressursar enn det som blir erstatta kvart år. Økonomisk vekst i dag er derfor ikkje berekraftig ut frå FNs definisjon: «berekraftig utvikling som ei utvikling som møter behova vi har i dag, utan å øydeleggje moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekt sine behov.»

Økonomisk vekst løftar menneske ut av fattigdom. Bedrifter må finne måtar å drive berekraftig på, samstundes som vi har økonomisk vekst. Berekraftig forretningsdrift inneber: Bedrifta tek økonomisk ansvar – gir skatteinntekter og arbeidsplassar. Bedrifta tek sosialt ansvar - tek vare på menneske og lokalmiljø. Bedrifta tek miljøansvar. Til saman er dette den tredelte botnlinja.

Forretningsdrift kan sertifiserast slik at bedrifta kan vise partnarar og kundar at ho er berekraftig.

Noreg satsar på grøn konkurransekraft.