Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Oppgåve 8.1

  1. Nemn dei vanlegaste verkemidla innanfor internasjonal handelspolitikk. Dei vanlegaste verkemidla innanfor internasjonal handelspolitikk er:
    • Toll
    • Subsidiar
    • Importkvotar
    • Krav om lokalt innhald
    • Antidumpingreglar
  2. Kva står desse organisasjonane for?
    • GATT
    • WTO
    GATT – General Agreement on Tariffs and Trade
    WTO - World Trade Organization – Verdens handelsorganisasjon
  3. Kva er dei fire fridommane i EU, og kvifor er dei viktige for å skape ein felles marknad? Dei fire fridommane i EU er fri rørsle av:
    1. Folk
    2. Kapital
    3. Varer
    4. Tenester
    Dette er hovuddelane i ein marknad. Når det ikkje finst hindringar for at desse kan flytte på seg, vil det fjerne grensene og gjere at alle dei deltakande landa framstår som ein samla marknad.
  4. Kven er dei viktigaste norske samarbeidspartnarane for bedrifter som ønskjer å internasjonalisere? Dei viktigaste samarbeidspartnarane er: Innovasjon Noreg, Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, portalar for internasjonal handel og Tolletaten.
  5. Kva er ikkje ein formell ulikskap mellom land?
    • Politiske system
    • Rettssystem
    • Informasjonssystem
    • Økonomiske system
    Informasjonssystem er ikkje ein formell ulikskap.
  6. Kan du ein definisjon på kultur? Til dømes: «Kultur er summen av den tillærte åtferda ei gruppe personar ser på som sin tradisjon, og som blir overlevert frå generasjon til generasjon.»
  7. Kvifor må ein ta omsyn til forretningskultur ved internasjonalisering? Forretningskultur er ei av dei store utfordringane ved å etablere samarbeid og handel over landegrensene. Dersom ein ikkje kjenner til skilnadene i forretningskultur, vil det vere vanskeleg å etablere eit nødvendig tillitsforhold og gjennomføre forhandlingar.
  8. Nemn nokre etiske utfordringar som bedrifter kan oppleve ved internasjonalisering. Etiske utfordringar ved internasjonalisering er ofte knytte til arbeidsvilkår for tilsette, menneskerettar, miljøforureining eller korrupsjon.
  9. Kva er CSR? Corporate Social Responsibility – samfunnsansvaret til bedrifter