Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Oppgåve 7.1

  1. Kva er internasjonalisering? Internasjonalisering vil seie at bedrifta utvidar aktiviteten slik at forretningsdrifta går føre seg i fleire land enn berre det landet som bedrifta opphavleg starta opp i.
  2. Kva for nokre av desse er rett svar? Bedrifter internasjonaliserer fordi:
    • Heimemarknaden blir for liten
    • Bedrifta er glad i risiko
    • Kundane er for vanskelege i heimlandet
    • Lokaliseringsfordelar
    • Skalaeffektar
    • Det er betre å produsere litt i eit anna land enn mykje i heimlandet
    Rette svar er:
    • Heimemarknaden blir for liten
    • Lokaliseringsfordelar
    • Skalaeffektar
  3. Kva for tre val må ei bedrift som skal internasjonalisere, ta?
    1. Kvar bedrifta skal internasjonalisere til.
    2. Korleis bedrifta skal internasjonalisere, dvs. kva metode ho skal bruke.
    3. Når bedrifta skal internasjonalisere.
  4. Kva er:
    • Transportkostnader
    • Transportrisiko
    • Kulturell distanse
    • Institusjonell distanse
    Transportkostnader er kostnadene ved å transporter eit fysisk produkt frå produksjonsstaden til salsstaden.
    Transportrisiko er risikoen ved å transportere eit fysisk produkt frå produksjonsstaden til salsstaden, til dømes kan produktet bli skadd, stole eller mista.
    Kulturell distanse er graden av ulikskap mellom kulturar i ulike land.
    Institusjonell distanse er graden av ulikskap mellom institusjonar i ulike land. Døme på institusjonar kan vere rettssystem, tollmyndigheiter osv.
  5. Kva er ikkje metodar for å internasjonalisere?
    • Eksport
    • Langtransport med trailer
    • Utanlandske direkteinvesteringar
    • Innanlandske dotterselskap
    • Samarbeid og joint ventures
    • Shortsal og opsjonar
    • ClosedLock-fabrikkar
    Dette er ikkje metodar for internasjonalisering:
    • Langtransport med trailer
    • Innanlandske dotterselskap
    • Shortsal og opsjonar
    • ClosedLock-fabrikkar
  6. Kva er ikkje årsaker til internasjonalisering?
    • Høvet til å oppleve andre delar av verda
    • Tilgang til avanserte og krevjande kundar
    • Heimemarknaden veks for fort
    • Ønske om tilgang til ein større marknad
    • Lokaliseringsfordelar
    • Skape eller delta i globale produksjonsnettverk
    • Heimemarknaden blir for liten
    • Høvet til å produsere i land med svakare regelverk mot forureining
    • Utnytting av skalaeffektar
    Dette er ikkje årsaker til internasjonalisering:
    • Høvet til å oppleve andre delar av verda
    • Heimemarknaden veks for fort
    • Høvet til å produsere i land med svakare regelverk mot forureining
  7. Forklar kva ein first-mover-strategi er, og når denne strategien blir brukt. First-mover-strategi er å vere den første som kjem med eit nytt produkt på marknaden. Strategien blir brukt når bedrifta har eit stort forsprang på konkurrentane slik at ho kan tene inn att utviklingskostnadene raskt og nytte perioden inntil konkurrentane kjem med tilsvarande produkt, til å sikre seg bedrifta sin del av verdiskapinga.
  8. Kva trinn består den praktiske framgangsmåten ved val av internasjonale marknader av?
    1. Identifisere aktuelle regionar eller land
    2. Rangering av land
    3. Nøye vurdering av aktuelle land
    4. Val av land
    5. Personleg erfaring frå det valde landet
  9. Kva er outsourcing? Outsourcing, eller utkontraktering på norsk, vil seie at ei bedrift vel å kjøpe noko frå ei anna bedrift som ho tidlegare gjorde sjølv. Outsourcing kan gjere det mogleg å oppnå̊ lågare kostnader eller betre kvalitet.
  10. Kva er prisdifferensiering i internasjonale marknader? I internasjonal marknadsføring vil prisdifferensiering seie å ta den høgast moglege prisen i marknaden i kvart land.
  11. Kva inngår i eksportprosessen? figur 7.6_nn.png