Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Oppgåve 6.1

  1. Kva for to krav må vere oppfylte for at noko skal kunne kallast ein innovasjon i næringslivet? Krav nr. 1 – Innovasjonen må vere noko nytt for bedrifta innanfor eitt av desse områda: produkt, prosess, marknad og organisasjon.
    Krav nr. 2 – Innovasjonen må kommersialiserast. Det vil seie at dersom innovasjonen er eit produkt, må det nye produktet bli produsert og tilbode for sal. Dersom innovasjonen er ein ny måte å produsere, distribuere eller selje på, må metoden bli teken i bruk av bedrifta på ein slik måte at bedrifta tener pengar på det.
  2. I tillegg til dei to krava til innovasjon – kva er viktig for ei bedrift når ho utviklar ein innovasjon? Bedrifter har som mål å tene pengar, derfor er det viktig at innovasjonen blir ein suksess som bidreg til auka forteneste.
  3. Kva er verdiskaping? Verdiskaping i ei bedrift er verdien av det ferdige produktet minus vare- og tenesteinnsatsen.
  4. Nemn fire ulike typar innovasjon.
    1. Produktinnovasjonar
    2. Prosessinnovasjonar
    3. Marknadsinnovasjonar
    4. Organisasjonsinnovasjonar
  5. Vi beskriv innovasjonar ut frå to ulike gradar. Nemn dei? Inkrementell innovasjon og radikal innovasjon.
  6. Kva er disruptiv innovasjon? Disruptive innovasjonar er innovasjonar som gjer det mogleg for bedrifta å kapre nye marknader gjennom ny teknologi og nye forretningsmodellar.
    «Disruptiv» er eit omgrep som vi bruker om innovasjonar som startar opp som dårlegare produkt enn produkta til konkurrentane. Produkta blir tilbode kundar som ikkje vil ha høg kvalitet, og produksjonen skjer med lågare kostnad enn hos konkurrentane. Etter kvart som det disruptive produktet blir betre, skifter kundane frå produkta med høgare kvalitet til det disruptive produktet.
    Disruptive innovasjonar kjem ofte frå bedrifter som ikkje blir rekna for å vere blant dei viktigaste i ein marknad, men som kanskje heller blir sett på som outsiderar.
  7. Kva er forretningsmodellinnovasjon, og kvifor er det ei viktig form for innovasjon? Forretningsmodellinnovasjon er ei form for organisasjonsinnovasjon. Forretningsmodellinnovasjon har vorte spesielt viktig etter at internett har vorte så viktig for dei fleste bedriftene. Internett har ført til utvikling av mange nye forretningsmodellar som byggjer på hurtigheit, tilgang til fleire kundar over heile verda og høvet til å kunne samle inn svært store mengder informasjon om kundane.
  8. Kva kjenneteiknar ein berekraftig forretningsmodell? Ein berekraftig forretningsmodell er kjenneteikna av optimal bruk av materialar og energi: gjenbruk av produkt, bedrifter tek eigarskap til produktet i heile levetida, leiger ut i staden for å selje, meir delingsøkonomi.
  9. Kvar kjem innovasjonar frå? Innovasjonar kjem frå enkeltpersonar, bedrifter, eigne utviklingsavdelingar eller forskingslaboratorium, open innovasjon, brukarar, tilsette utan forsking og utviklingsavdelingar og outsiderar.
  10. Kva er dei to hovuddelane i innovasjonsprosessen?
    1. Strategi, leiing, kultur og organisasjon: Dette er dei interne arbeidsvilkåra som gjer det mogleg å ha ein innovasjonsprosess som bedrifta kan gjenta mange gonger.
    2. Kjerneprosessen for innovasjon: Det at noko blir skildra som ein kjerneprosess, vil seie at det er ein av dei grunnleggjande prosessane som er heilt nødvendige for at bedrifta skal ha ein konkurransefordel.
  11. Kva er skilnaden på ein innovasjonsprosess og produktutvikling? Innovasjonsprosessen bruker ein for å halde orden på og kontrollere utviklinga av mange idear fram til det stadiet der dei går over i produktutviklingsprosessen.
    Produktutvikling er bruk av ein (av mange) metodar for å ta eit produkt frå idé til salsklart produkt.