Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Oppgåve 2.1

  1. Kva er fordelar og ulemper ved å velje ein strategi for ei bedrift? Fordelar:
    For dei fleste bedriftene vil ein god strategi føre til at dei på sikt tener meir pengar. Det er vanskeleg å talfeste kor mykje meir, men nokre undersøkingar viser opp til 10–15 % høgare forteneste når bedrifta har teke seg tid til å lage ein strategi.
    Strategi fører til systematisk overvaking av omgivnadene til bedrifta. Det å lage gode strategiske planar krev at bedrifta heile tida følgjer med på kva som skjer med kundar, konkurrentar, marknader, teknologi og samfunnet.
    Strategiplanen er med på å auke kunnskapen om kva bedrifta er god til, og kva svakheiter ho har. Dette gjer at bedrifta kan drive systematisk utviklingsarbeid for å bli betre.
    Strategiplanen bidreg til best mogleg utnytting av ressursane bedrifta rår over. Når bedrifta har ein plan, vil det vere mykje lettare å sørgje for at ressursane blir nytta der dei gir best utteljing.
    Ulemper:
    Dersom ein plan blir følgd altfor nøye, kan bedrifta ende opp med å gå glipp av moglegheiter som dukkar opp fordi teknologi, marknader, konkurrentar, kundar og samfunnet endrar seg.
    Når bedrifter står overfor omgivnader som endrar seg raskt, til dømes som følgje av den svært raske utviklinga innanfor automatisering, robotar, kunstig intelligens eller annan teknologi, kan det lønne seg å lage planar for berre ein kort periode framover.
  2. Kva er hovudpunkta i ein strategiplan? Til dømes:
    1. Visjon, forretningsidé og mål
    2. Situasjonsanalyse
    3. Strategialternativ
    4. Strategiske val
    5. Plan for å gjennomføre strategien – dette blir også kalla plan for implementasjon
    6. Kontroll og oppfølging av strategiplanen
  3. Kva rolle speler mål i ein strategiplan? Måla er det bedrifta prøver å nå ved å gjennomføre strategiplanen.
  4. Kva skal vere med i ein situasjonsanalyse? Situasjonsanalysen inneheld ei oversikt over dei eksterne og interne arbeidsvilkåra bedrifta har, oppsummerer desse i eit SWOT-diagram og utarbeider ei liste med vekst- og utviklingsmoglegheiter ut frå diagrammet.
  5. Kva er PESTEL, og kvifor er denne analysen viktig? PESTEL er ein metode for ein systematisk analyse av makroomgivnadene til ei bedrift. Makro vil i denne samanhengen seie dei eksterne omgivnadene, både nasjonalt og internasjonalt.
    Dersom ei bedrift ikkje held oversikt over makroomgivnadene, kan ho bli overraska over endringar i teknologi, trendar eller andre delar av PESTEL-analysen og få problem.
  6. Kva er skilnaden på konkurrent- og konkurranseanalyse? Konkurrentanalyse tek for seg konkurrentane til bedrifta, mens konkurranseanalyse ser på om det er lett eller vanskeleg å tene pengar i ein bransje.
  7. Kva bør vere med i ein marknads- og kundeanalyse? Marknader og kundar er blant dei viktigaste eksterne arbeidsvilkåra for ei bedrift. Det er vanleg å analysere dette:
    • Demografisk informasjon som gjer greie for kundane og marknaden.
    • Marknadsstorleik no og i framtida: Kva for marknader er viktige no? Kva for marknader veks og blir viktige i framtid? Kva for marknader blir mindre eller forsvinn heilt?
    • Kjøpsvanar hos kundane no og i framtida.
    • Salskanalar: Rett samansetning? Til dømes multikanal eller berre online?
  8. Kva er eit verdinettverk? Eit verdinettverk består av dei bedriftene som saman inngår i verdiskaping ved utvikling eller produksjon av eitt eller fleire produkt.
  9. Kva er sluttresultatet av ein situasjonsanalyse? Ei liste med vekst- og utviklingsmoglegheiter er sluttresultatet av ein situasjonsanalyse.
  10. Kva for strategival er det bedrifta må ta, og kva for strategialternativ kan ho velje mellom?
    • Vekst eller ikkje
    • Vekststrategi
    • Konkurransestrategi
  11. Kva er Ansoffs vekstmatrise, og kva blir denne matrisa brukt til? Ansoffs vekstmatrise er ei oversikt over dei måtane ei bedrift kan vekse på ved å bruke interne ressursar. Matrisa blir brukt til å velje vekststrategi og til å gi ei oversikt over kva tiltak som kan setjast i verk for å gjennomføre vekststrategien.
  12. Kva er diversifikasjon? Diversifikasjon er nytt produkt i ny marknad.
  13. Kva er integrasjon – kva for hovudtypar av integrasjon finst det? Integrasjon vil seie at to eller fleire bedrifter blir slått saman – integrerte. Dette blir gjort når bedrifter vel å vekse ved å bruke eksterne ressursar – andre bedrifter.
    Hovudtypane av integrasjon er:
    • oppkjøp av ei anna bedrift
    • fusjon – to bedrifter slår seg saman og dannar ei ny bedrift
    • joint venture – to bedrifter startar ei ny bedrift saman, ofte med 50 % eigardel kvar.
    • samarbeid om prosjekt – til dømes produktutvikling.
  14. Kvifor vel ei bedrift horisontal integrasjon som vekststrategi? Ei bedrift vel horisontal integrasjon for å få større marknadsmakt.
  15. Kva er konkurransestrategi, og kvifor er slik strategi viktig? Konkurransestrategi er det valet bedrifta gjer for å ha ein konkurransefordel. Vanlege konkurransefordelar er låg produksjonskostnad eller betre produkt enn konkurrentane.
    Konkurransestrategien ei bedrift vel, avgjer om bedrifta kjem til å tene meir pengar enn konkurrentane.
  16. Kva er ein konkurransefordel, og kva konkurransefordelar kan ei bedrift ha? Ein konkurransefordel er det som gjer at bedrifta tener meir pengar enn konkurrentane. Vanlege konkurransefordelar er:
    • lågast produksjonskostnad
    • beste produkt
    • raskaste produktutvikling og marknadsføring/sal
  17. Korleis tek ein strategiske val? Strategiske val tek ein ved å vege risiko mot forteneste.
  18. Kva er implementasjon av ein strategi? Implementasjon av ein strategi er å gjennomføre strategien ved hjelp av ulike planlagde tiltak.