Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Oppgåve 1.1

  1. Kva er vekst? Den vanlegaste forståinga av vekst for ei bedrift er auke i inntekter (omsetning) og/eller talet på tilsette. Men det finst også fleire andre måtar å måle vekst på.
  2. Korleis måler ein vekst, og kvifor blir det brukt ulike mål på vekst? I tillegg til å måle vekst i inntekter og talet på tilsette kan vekst til dømes også målast ved:
    • vekst i talet på kundar eller brukarar
    • vekst i marknadsdel
    • vekst i talet på produkt
    • vekst i produksjonslokasjonar (stader der varer eller tenester blir produserte)
    • geografisk vekst med nye marknader
    • vekst i forsking og utvikling
    • vekst i talet på patent som bedrifta eig
    Ulike mål på vekst blir nytta fordi bedrifter kan ha ulike vekstmål som dei prøver å nå. Den måten som bedrifta vel å måle vekst på, må samsvare med mål bedrifta har.
  3. Korleis blir bedrifter delte inn etter storleik?
    BedriftsstorleikTilsetteOmsetningEigedeler (balanse)
    Stor bedrift251–… ansatte50–… mill. euro43–… mill. euro
    Mellomstor bedrift51–250 ansatte10–50 mill. euro10–43 mill. euro
    Lita bedrift11–50 ansatte2–10 mill. euro2–10 mill. euro
    Mikrobedrift1–10 ansatte0–2 mill. euro0–2 mill. euro
    Bedriftsstorleiken blir fastsett ved at ein først ser på kor mange tilsette det er, og deretter sjekkar at eitt av dei to andre kriteria er oppfylte.
  4. Kvifor er vekst viktig for bedrifter? For oppstartsbedrifter er vekst viktig for å overleve. Dersom bedrifta ikkje veks i løpet av dei fem første åra, har ho liten sjanse til å klare seg.
    SMB-ar som har funne eit produkt eller ein marknad som gir god forteneste, må vekse slik at ikkje større bedrifter overtek marknaden.
    Store bedrifter må vekse for at aksjekursen skal stige.
  5. Er vekst viktig for alle typar og storleikar av bedrifter? Sjå svaret på 4.
  6. Kva er fordelane, og kva er ulempene ved vekst? Det finst konkrete fordelar for ei bedrift ved å vekse. Bedrifta kan til dømes få ned kostnadene gjennom å utnytte skalaeffekten.
    Etterkvart som bedrifta blir større, kan ho få auka marknadsmakt. Bedrifter med stor marknadsmakt kan ofte bestemme prisnivået på produkta og på den måten sørgje for større forteneste på eigne produkt.
    Stor marknadsmakt kan også nyttast for å gjere det vanskeleg for nye konkurrentar å etablere seg på ein marknad.
    Store bedrifter får også større makt over leverandørane, noko som kan gi bedrifta fordelar.
    Somme tider veks bedrifter gjennom marknadsutvikling eller internasjonalisering for å gjere seg mindre avhengig av eitt eller nokre få produkt eller marknader.
    Ulemper eller utfordringar ved vekst:
    Kostnader kan auke meir enn inntektene fordi bedrifta må ha større lager, fleire maskinar og større lokale. Bedrifta må betale dei tilsette meir, til dømes overtidsbetaling for å halde tritt med etterspurnaden. Kundane kan bli misnøgde på grunn av leveringsproblem eller dårleg kundebehandling. Dette skjer når det ikkje er nok tilsette eller nok tilsette med erfaring til å handtere auka produksjon.
    Bedrifta må kanskje låne pengar for å finansiere veksten, og dermed aukar kostnadene.
  7. Kva er bruttonasjonalprodukt? Kor stort var bruttonasjonalproduktet for Noreg det førre året? Bruttonasjonalproduktet er eit uttrykk for den samla verdiskapinga i eit land. Verdiskaping er i denne samanhengen den auken i verdiar (pengar, fysiske objekt som hus, fabrikkar osv.) som blir skapt i løpet av eit år i eit land.
  8. Kva er berekraftig utvikling? FN har definert berekraftig utvikling som ei utvikling som møter behova vi har i dag, utan at det øydelegg moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekt sine behov.
  9. Kva er berekraft i forretningsdrift, og kvifor er det viktig? Bedrifter som har minimal negativ påverknad på det globale eller det lokale miljøet, samfunnet og samfunnsøkonomien, har ei berekraftig forretningsdrift.
  10. Finn døme på tre norske bedrifter som sjølv seier at dei er berekraftige. Forklar kva berekraft inneber for desse bedriftene. Individuelle svar.
  11. Kvifor er FNs berekraftsmål viktige også for bedrifter? Bedrifter må ta ansvar for å vere med og oppfylle berekraftsmåla. Nokre av desse måla kan vi ikkje nå utan at næringslivet bidreg med løysingar.
  12. Kva er grøn konkurransekraft, og kva fordelar kan det gi bedrifter? Grøn konkurransekraft er evna næringslivet har til å konkurrere globalt i ei tid der sterkare verkemiddel blir tekne i bruk i klimapolitikken. Bedrifter som har grøn konkurransekraft, vil vere betre rusta til å møte dei utfordringane som klimaendringar kan føre til for forretningsdrift.