Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

EkstraØving 3.2

Vegard har sett seg lei på Cd-ar som flyt rundt, og synest det er vanskeleg å halde orden på dei. Dette set han på ideen om å produsere rimelege oppbevaringsarkiv for Cd-ar. Slike CD-arkiv vil gjere det lett å halde oversikt.

Kundane er først og fremst skoleelevar og studentar som har behov for orden på musikk-CD-ane sine, og som er avhengige av at arkivsystemet er fleksibelt og lett å endre. Foreiningar og lag vil også kunne vere aktuelle kundar.

Etter ein del undersøkingar kjem Vegard fram til følgjande:

  • Han kan kjøpe CD-boksar for kr 15 per stykk.
  • Inndelinga i boksen, som han sjølv har utvikla, kostar kr 5 per stykk i materialar.
    Monteringa i diskettboksen kostar kr 4 per stykk i direkte lønn.
  • Vegard reknar med å kunne selje CD-arkivet for kr 50 per stykk.

Totalmarknaden for arkivboksar av denne typen kan reknast til 50 000 einingar, og Vegard reknar med å kunne oppnå ein marknadsdel på 25 % det første året.

Marknadsføring er viktig, men ofte kostbart. Etter at Vegard har tenkt nøye gjennom dette, har han komme fram til at han kan nå kundane sine ved enkle middel. Han vil satse på annonsar i lokalavisa og oppslag (plakatar) på skolar og universitet.

Vegard reknar med å ha følgjande faste kostnader det første driftsåret:

Husleige, straum og oppvarming 20 000
Lønn 180 000
Administrasjonskostnader 45 000
Forsikringar 6 000
Marknadsføring 15 000
Avskrivningar 10 000
Rentekostnader 8 000
  1. Set opp ein kalkyle for diskettarkivet.
  2. Set opp eit resultatbudsjett for Vegard for første driftsår.
    Vegard er usikker på om salsanslaget held. Han vil gjerne vite kor mykje feil han kan ta i anslaget før han taper pengar (går med underskot).
  3. Rekn ut dekningspunkt og sikringsmargin.
    Vegard har laga følgjande oversikt over kapitalbehovet ved oppstart:
    Maskinar og utstyr 50 000
    Varelager 10 000
    Bankinnskot 10 % av første års omsetning
    Kontantar 5 000
    Eigenkapitalen skal utgjere 40 % av verdien av eigedelane. Resten har banken sagt seg villig til å finansiere med eit langsiktig lån.
  4. Set opp opningsbalansen.