- 3.0 KortSvar – Planlegging av driften
- EkstraØving 3.1
- EkstraØving 3.2
- EkstraØving 3.3
- EkstraØving 3.4
- EkstraØving 3.5
- EkstraØving 3.6
- EkstraØving 3.7
- FlervalgsOppgave 1 om planlegging av driften
- NettOppgave 1
- NettOppgave 2
- NettOppgave 3
- NettOppgave 4
EkstraØving 3.1
Kine og Håvard, som begge er lidenskapelege snowboard-køyrarar, har starta opp bedrifta BerBra AS. Berebjelken i bedrifta er marknadsføring og sal av ein beresele for enkel frakt av snowboard og støvlar. Bedrifta held til i eigne lokale sentralt i Lillehammer.
Bereselen er produsert av ei lita familiebedrift i Gudbrandsdalen, som også har sin eigen kolleksjon av sekker, bagar og beremeiser. Kine og Håvard kjøper bereselen frå denne bedrifta og har einerett for sal av bereselen på den norske marknaden.
Kine, som er utdanna diplomøkonom frå BI, har ansvaret for økonomien i bedrifta, mens Håvard har ansvar for marknadsføring og sal, da det er han som har størst kontaktflate og kjenner snowboardmiljøet i Noreg best. BerBra AS er framleis i ein etableringsfase, og planlegginga er i full gang.
- Kva er formålet med å lage ein forretningsplan?
Økonomisjefen i BerBra AS har gått gjennom dei økonomiske sidene ved bedrifta. Ho har komme til at dei årlege faste kostnadene er kr 456 000 per år. Bereinnretninga blir seld for kr 346 utan mva., og bedrifta kalkulerer med ein avanse på 75 %. - Set opp ein kalkyle for bereselen. Kalkylen skal vise innkjøpspris, avanse og utsalspris.
Bedrifta budsjetterer med eit sal på 4 500 einingar kommande år. - Set opp resultatbudsjettet for BerBra AS for kommande år.
- Kor mange bereselar må BerBra AS selje per år for ikkje å gå med tap?
- Kor stor sikringsmargin i einingar og prosent har bedrifta?
- Kor mykje kan innkjøpsprisen auke før produktet går med tap?