Strategisk plan
Ein strategisk plan fortel oss kva tiltak som bør setjast i verk for at bedrifta skal nå dei måla som er fastsette. På same måten som forretningsideen er ei leiestjerne for bedrifta, vil strategien vere visjonen/oppskrifta på korleis bedrifta ønskjer å bli. Ein strategi vil vere forankra i ein tidsakse, der tiltaka for å nå måla blir sette i verk til ulike tidspunkt, i ulike kombinasjonar, for på best mogleg måte kunne oppnå resultatet ein ønskjer.
Aktivitetsplan
Aktivitetsplanen beskriv alt som fører til ressursbruk i konkrete handlingar. Her står det kor mykje som skal produserast, kva menneskelege og materielle ressursar produksjonen krev, kva ressursar som må skaffast, og kva pris bedrifta skal ha for produktet.
Budsjett
Budsjett er ein plan uttrykt i pengar, ein framtidsrekneskap som gjer det mogleg å studere korleis ulike driftsplanar påverkar lønnsemda og betalingsevna.
Resultatbudsjett
Resultatbudsjettet viser forventa inntekter og forventa kostnader, slik at lønnsemda kjem fram.
Likviditetsbudsjett
Likviditetsbudsjettet viser forventa innbetalingar og forventa utbetalingar, slik at likviditeten kjem fram.
Likviditet
Likviditet er pengar eller eigedelar som lett kan omsetjast til pengar.
Innbetalingsoverskot
Innbetalingsoverskot er forventa innbetalingar – forventa utbetalingar.
Likviditetsreserve
Likviditetsreserve er likvidar bedrifta har igjen i slutten av kvar periode, eksempelvis.