- 3.0 KortSvar – Planlegging av driften
- EkstraØving 3.1
- EkstraØving 3.2
- EkstraØving 3.3
- EkstraØving 3.4
- EkstraØving 3.5
- EkstraØving 3.6
- EkstraØving 3.7
- FlervalgsOppgave 1 om planlegging av driften
- NettOppgave 1
- NettOppgave 2
- NettOppgave 3
- NettOppgave 4
EkstraØving 3.5
Emax AS set opp eit likviditetsbudsjett for første kvartal som byggjer på desse tala:
Månad | Desember | Januar | Februar | Mars |
---|---|---|---|---|
Omsetning i kroner | 12 000 | 4 500 | 5 000 | 6 200 |
Dei har brukt ein avanse på 50 % på varene dei sel. Bedrifta har gitt kundane sine 30 dagars kredittid. Dei får sjølv 30 dagars kredittid på varer dei kjøper frå leverandørane sine.
For dei indirekte kostnadene reknar dei med desse utbetalingane:
- Husleige kr 500 per månad
- Marknadsføring kr 1 000 i januar, kr 800 i februar og kr 1 500 i mars
- Andre driftskostnader kr 300 i januar, kr 1 200 i februar og kr 350 i mars.
Dei reknar ikkje med andre utbetalingar for første kvartal.
Ari og Ida reknar med å ha desse likvidane per 01.01. neste år:
- Kontantar kr 3 000
- Bankinnskot kr 2 500
- Set opp eit likviditetsbudsjett for Catering UB for første kvartal neste år.
- Kva vil du seie om likviditeten for bedrifta for denne perioden?