Inngåande balanse
Inngåande balanse er beløpa på kontoane i byrjinga av ein periode.
Utgåande balanse
Utgåande balanse er beløpa på kontoane i slutten av ein periode.
Råbalanse
Råbalanse er summen av beløpa på inngåande balanse og posteringar i perioden.
Resultat
Resultat er ein avslutningskonto som viser forholdet mellom inntekter og kostnader.
Overskot
Overskot har vi når inntekta er større enn kostnadene.
Underskot
Underskot har vi når kostnadene er større enn inntektene.
Privatuttak
I eit enkeltpersonføretak og i eit ansvarleg selskap skjer det endringar i eigenkapitalen når eigaren eller eigarane tek ut pengar til privat bruk eller betaler inn pengar for å styrkje eigenkapitalen. Slike transaksjonar har ikkje noko med inntekter eller kostnader å gjere og påverkar derfor ikkje resultatet.
Det eigaren eller eigarane tek ut av bedrifta til privat bruk i form av pengar, varer, eller andre eigedelar, skal registrerast. Rekneskapsloven krev at slike uttak blir registrerte på ein eigen konto for eigaren privat. I ansvarlege selskap har vi fleire eigarar og derfor fleire privatkontoar. Konto for eigaren privat er ein underkonto av eigenkapitalen, og kontoen blir avslutta direkte mot konto for eigenkapital.