Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

3.6 Likviditetsbudsjett

Kva er eit likviditetsbudsjett? – les e-conomic

Når du driv ei bedrift kjem kostnadane før inntektene. God likviditetsstyring sikrer at du har pengar å betale med – lederkilden.no orienterer.

Slik lager du eit likviditetsbudsjett som viser pengestraumane inn og ut av bedrifta. – Les i altinn.no

Likviditetsbudsjett

Eit likviditetsbudsjett skal sikre at bedrifta har pengar til å betale med etter kvar som forpliktingane forfell. Likviditetsbudsjettet gir deg innsikt i pengestraumane og forventa betalingsevne.

Kor stor er likviditetsreserven?

Kor stor likviditetsreserve ei bedrift ønskjer, er avhengig av konkrete forhold. Somme bedrifter gir opp eit beløp som eit mål for likviditetsreserven, for eksempel 10 % av salet.

Forventa innbetalingar

Sal av varer og tenester gir innbetalingar. Når pengane kjem, er avhengig av betalingsvilkåra. Viss kunden betaler kontant, skjer innbetalinga samtidig som vara blir levert. Skal kunden betale vara 30 dagar etter at vara er levert, kjem pengane først da.

Salsvilkår Innbetalingane kjem
Per 10 dagar 2/3 inn same månad, 1/3 inn neste månad
Per 15 dagar Halvparten inn same månad, resten inn neste månad
Per 30 dagar Heile beløpet neste månad
Per 45 dagar Halvparten inn om ein månad, resten inn neste månad
Per 60 dagar Heile beløpet om to månader

Innbetalingsstraumen er avhengig av salsvilkåra.

Forventa utbetalingar

Forventa utbetalingar til leverandørar skjer på same måte som for innbetalingsstraumane frå kundane. Noko skjer kontant, og noko skjer på kreditt.

Likviditetsbudsjett for handelsbedrifta Tcon AS

Aktivitetsplanen for neste periode viser at handelsbedrifta Tcon AS har desse føresetnadene for likviditetsbudsjettet for første kvartal:

Salsbudsjettet

I aktivitetsplanen finn vi dette salsbudsjettet utan meirverdiavgift.

SALSBUDSJETT Desember Januar Februar Mars
Salsinntekt utan mva. 2 500 000 2 400 000 2 700 000 2 850 000

Innbetalingsbudsjettet

Bedrifta sel halvparten kontant og resten per 30 dagar. Innbetalingane frå kontantsalet tek vi med i salsmånaden. Innbetalingane frå kredittsalet kjem månaden etter salet.

INNBETALINGSBUDSJETT – KUNDAR Blir innbetalt i
Månad Salg u/mva Kontant Kreditt Januar Februar Mars Seinare
Des. 2 500 000 1 250 000 1 250 000 1 250 000
Jan. 2 400 000 1 200 000 1 200 000 1 200 000 1 200 000
Feb. 2 700 000 1 350 000 1 350 000 1 350 000 1 350 000
Mars 2 850 000 1 425 000 1 425 000 1 425 000 1 425 000
Sum innbetalingar til likviditetsbudsjett 2 450 000 2 550 000 2 775 000 1 425 000

Utbetalingsbudsjett til vareleverandørar

Vi tek utgangspunkt i varekostnadsbudsjettet, justerer for behaldningsendringar og reknar deretter ut varekjøpet utan meirverdiavgift.

Bedrifta aukar lageret med kr 20 000 i januar, februar og mars. Varekjøpet utan meirverdiavgift blir da kr 20 000 større for januar, februar og mars enn varekostnaden i same periode. Bedrifta betaler varekjøpa sine per 30 dagar.

Varekjøpsbudsjett Desember Januar Februar Mars
Salg utan mva. 2 500 000 2 400 000 2 700 000 2 850 000
– Bruttoforteneste 37,5 % 937 500 900 000 1 012 500 1 068 750
= Varekostnad 1 562 500 1 500 000 1 687 500 1 781 250
(+) Auke (–) redusjon varelager 0 20 000 20 000 20 000
= Varekjøp utan mva. 1 562 500 1 520 000 1 707 500 1 801 250
UTBETALINGSBUDSJETT – VARELEVERANDØRAR
Varekjøp i Beløp utan mva. Utbetales i
Januar Februar Mars Senere
Desember 1 562 500 562 500
Januar 1 520 000 1 520 000
Februar 1 707 500 1 707 500
Mars 1 801 250 1 801 250
Sum utbetalingar 1 562 500 1 520 000 1 707 500 1 801 250

Budsjetterte utbetalingar for indirekte kostnader

Lønna blir utbetalt i same månad som ho blir opptent. Arbeidsgivaravgift blir betalt i januar med kr 90 000 og i mars med kr 129 000. Husleige for februar og mars, kr 60 000, blir betalt i januar. For andre driftskostnader er det utbetalingar på kr 80 000 i januar, kr 70 000 i februar og kr 70 000 i mars.

Utbetalingar til investeringar i første kvartal

I januar og mars skal det investerast i ei varmepumpe og eit ventilasjonsanlegg. Det gir ei utbetaling i januar på kr 180 000 og ei utbetaling i mars på kr 277 000. I mars skal det også kjøpast datautstyr til kr 500 000 som skal betalast i mars. I februar skal det kjøpast inn ein ny maskin for kr 400 000. Han skal betalast kontant i februar.

Likviditetssituasjonen i starten av perioden

Bedrifta har kr 80 000 i kontantar og kr 220 000 i banken 01.01.2004. Likviditetsbehaldninga er da kr 300 000.

Likviditetssituasjonen i slutten av perioden – konsekvensar

Det er eit innbetalingsunderskot i februar. Men det har ingen konsekvensar med omsyn til kravet for likviditetsreserven. Derimot blir det eit betydeleg innbetalingsunderskot i mars som bruker opp det meste av likviditetsreserven.

LIKVIDITETSBUDSJETT Januar Februar Mars Sum
Innbetalingar frå salet 2 450 000 2 550 000 2 775 000 7 775 000
UTBETALINGAR TIL
Vareleverandørar 1 562 500 1 520 000 1 707 500 4 790 000
Lønn 450 000 460 000 480 000 1 390 000
Arbeidsgivaravgift 90 000 129 000 219 000
Husleige 60 000 60 000
Andre driftskostnader 80 000 70 000 70 000 220 000
Varmepumpe og ventilasjon 180 000 277 000 457 000
Datautstyr 500 000 500 000
Ny maskin 400 000 400 000
Sum utbetalingar 2 422 500 2 450 000 3 163 500 8 036 000
Innbetalingsover- eller underskot 27 500 100 000 – 388 500 – 261 000
Likvidar i starten 300 000 327 500 427 500 300 000
Likvidar i starten 327 500 427 500 39 000 39 000

Likviditetsproblemet i mars – forslag til tiltak

Likviditetsproblema har komme til fordi bedrifter har teke store innkjøp av varige driftsmidlar som varmepumpe i januar, ny maskin i februar og ventilasjonsanlegg og datautstyr i mars. Leiinga burde ha tilført kapital til desse store innkjøpa.

Anleggsmidlar bør som hovudregel skaffast med langsiktig kapital og ikkje finansierast over drifta slik som i dette tilfellet. Eit lån på 60 % av datakjøpet i mars ville betra likviditeten betydeleg, med kr 300 000 = kr (500 000 · 0,60).

Eit tilsvarande resonne­ment burde også leggjast til grunn for maskinkjøpet i februar, varmepumpa i januar og ventilasjonsanlegget i mars. På den måten ville bedrifta hatt evne til å eigen­finansiere resten av kjøpet og i tillegg hatt ein rimeleg bra likviditet i slutten av kvartalet i forhold til likviditetsmåla.