Budsjettkontroll
Budsjettkontroll går ut på å registrere og analysere avvik mellom budsjetterte tal og rekneskapstal. Budsjettkontrollen skal også søkje etter årsaker til avvik og peike på moglege tiltak.
Budsjettavvik
Budsjettavvik er å analysere avvik både på inntektssida og kostnadssida.
Årsrapport
Ei bedrift skal føre ein rekneskap for kvart år, og rekneskapsloven seier kva bedrifta pliktar å leggje fram av økonomisk informasjon. Slik informasjon gir bedrifta gjennom ein årsrapport, som består av årsmelding, årsrekneskap og revisjonsmelding.
Årsmelding
Årsmeldinga er ein skriftleg rapport frå styret til generalforsamlinga og går meir i detalj om tilstanden og utsiktene. Ho beskriv arbeidsmiljøet og eventuelle tiltak og opplyser om bedrifta forureinar det ytre miljøet, og om tiltak som er sette i verk eller planlagde for å stoppe forureininga. Vidare inneheld årsmeldinga ei kortfatta skildring av verksemda, arbeidsmiljøet, likestilling og framtidsutsiktene i firmaet.
Årsrekneskapen
Årsrekneskapen gir ei systematisk og spesifisert oppstilling av resultatrekneskapen og balansen.
Revisjonsmelding
Revisjonsmeldinga er ein skriftleg rapport frå revisor som gjer greie for om årsoppgjeret, styret sitt forslag til resultatrekneskap og balanse og bruken av overskotet eller dekning av tap er i samsvar med lovgivinga.